Helmand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Helmand
elv
Aerial photograph of Kandahar Province in 2011.jpg
Land Flag of Afghanistan.svg Afghanistan, Flag of Iran.svg Iran
Tilløp
 - venstre Arghandabelva
 - høgre Khashelva, Chagayelva
Lengd 1 150 km
Kjelde Hindu Kush-fjella
Munning Hamunsjøen

Helmand
34°39′11″ N 68°41′1″ E
Wikimedia Commons: Helmand River

Helmand (òg skrive Helmend, Helmund og Hirmand; pashto/persisk هیرمند, هلمند, Hīrmand, Helmand) er den lengste elva i Afghanistan og det viktigaste vassdraget i det endorheisk Sistan-bekkenet.[1]

Namnet kjem frå Avestan Haētumant, som tyder «oppdemd», og refererer til den kunstige vatninga i området Helmand.[2] Helmand-provinsen er kalla opp etter elva.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Helmand har ei lengd på 1 150 km. Ho spring ut i Hindu Kush-fjella, kring 80 km vest for Kabul og ren nord for Unai-passet, aust i Hazarajat i Behsud, og flyt vestover til Daykundi og Uruzgan. Ho kryssar sørvestover gjennom ørkenen Dashti Margo til Seistan-myrene og innsjøområdet Hamun-i-Helmand kring Zabol ved den afghansk-iranske grensa.

Elva er relativt saltfri det meste av lengda si. Mykje av vatnet i elva vert nytta til vatning, sjøl om delar av elva dreg med seg mineralsalt som gjer ho mindre eigna til å vatne avlingar. Vassressursane vert hovudsakleg utnytta av bønder i Afghanistan, men munnar ut i Hamunsjøen og er òg viktig for bønder i Sistan og Balutsjistan søraust i Iran.

Ei rekkje vasskraftverk har skapt kunstige reservoar lange somme av dei afghanske elvane, som Kajakai over Helmand. Den viktigaste sideelva til Helmand er Arghandabelva, som òg har ei stor demning nord for Kandahar.

Området provinsen Helmand dekkjer vart ein gong kalla kongedømet Sakastan.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «History of Environmental Change in the Sistan Basin 1976 - 2005» (PDF). Henta 4. april 2021. 
  2. Jack Finegan. Myth & Mystery: An Introduction to the Pagan Religions of the Biblical World. Baker Books, 1997. ISBN 0-8010-2160-X, 9780801021602

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Helmand