Helmut Ormestad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Helmut Ormestad
Fødd12. mai 1913
Død10. august 1993
NasjonalitetNoreg
Yrkefysikar, professor
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Alma materUniversitetet i Oslo

Helmut Ormestad (12. mai 191310. august 1993) var ein norsk fysikar.

Han tok dr. philos. ved Universitetet i Oslo i 1955 og vart dosent same stad i 1964. Frå 1985 var han professor ved universitetet. Forskinga hans var knytt til akustikk. Ormestad vart særleg kjent for evna si til å popularisere og formidle fysikk. Saman med Otto Øgrim utgav han boka Pølser, fysikk og potetesalat i 1951, frå 1960-åra hadde dei saman program i radio og fjernsyn der fysikken vart formidla på ein enkel og morosam måte. Særleg populær var programserien Fysikk på roterommet. Ormestad var medforfatter i ei rekkje lærebøker. Rom Stoff Tid, som han skreiv saman med Otto Øgrim og Kåre Lunde, fekk Cappelenprisen i 1983. Ormestad gjorde òg ein stor innsats for Human-Etisk Forbund.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]