Help Me av Joni Mitchell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Help Me
Singel av Joni Mitchell
frå albumet Court and Spark
B-side Just Like This Train
Utgjeve Mars 1974
Innspelt 1973
Sjanger Softrock
Lengd 3:22
Selskap Asylum
Låtskrivar(ar) Joni Mitchell
Produsent Joni Mitchell
Joni Mitchell-kronologi
«Raised on Robbery»
(1973)
Help Me «Free Man in Paris»
(1974)


«Help Me» er ein song skriven, produsert og framført av Joni Mitchell frå albumet hennar Court and Spark i 1974. Songen vart spelt inn med jazzbandet Tom Scott's L.A. Express som akkompagnement.[1] «Help Me» vart den største hitten til Mitchell og nådde sjuandeplassen i juni 1974 på Billboard Hot 100, som den einaste av songane hennar som nådde topp 10 på denne lista. Songen gjekk òg til topps på easy listening-lista.[2]

Billboard skildra teksten på songen som «eit rom om hjelp til å kjenne seg bra.»[3]

Songen vart rangert på 288. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene.[4]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Artistar som har spelt inn songen er mellom andre:

I populærkulturen[endre | endre wikiteksten]

Prince-songen «Ballad of Dorothy Parker» (frå albumet Sign o' the Times frå 1987) nemner songen i teksten: «..and it was Joni singing: ‘Help me, I think I'm falling’.» Ein kan òg høyre ein sampling av songen på «Looking Through Patient Eyes» av P.M. Dawn.

I showet South Park syng karakteren Butters denne songen i episode to av sesong 11. I sjette sesongen av TV-serien Shameless syng hovudrolla Frank Gallagher, og kjærasten Queenie, songen under ein frokost.

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1974) Plassering
Canada RPM Top Singles 6
Canada RPM Adult Contemporary 4
U.S. Billboard Hot 100 [6] 7
U.S. Billboard Adult Contemporary[2] 1
U.S. Cash Box Top 100[7] 8

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1974) Plassering
Canada RPM Top Singles [8] 82
U.S. Billboard Hot 100 [9] 53
U.S. Cash Box [10] 50

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Help Me by Joni Mitchell Songfacts». Songfacts.com. Henta 9. oktober 2016. 
  2. 2,0 2,1 Whitburn, Joel (2002). Top Adult Contemporary: 1961-2001. Record Research. s. 172. 
  3. «Top Single Picks» (PDF). Billboard. 2. mars 1974. s. 60. Henta 12. januar 2021. 
  4. «The RS 500 Greatest Songs of All Time». RollingStone.com. Henta 26. januar 2021. 
  5. https://www.mcall.com/bal-li.music15apr15-story.html
  6. Joel Whitburn's Top Pop Singles 1955-1990 - ISBN 0-89820-089-X
  7. «Cash Box Top 100 6/15/74». Tropicalglen.com. 15. juni 1974. Arkivert frå originalen 2016-10-03. Henta 9. oktober 2016. 
  8. «Image : RPM Weekly - Library and Archives Canada». Bac-lac.gc.ca. Henta 9. oktober 2016. 
  9. «Top 100 Hits of 1974/Top 100 Songs of 1974». Musicoutfitters.com. Henta 9. oktober 2016. 
  10. «Cash Box YE Pop Singles - 1974». Tropicalglen.com. 28. desember 1974. Arkivert frå originalen 2019-07-22. Henta 9. oktober 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]