Hopp til innhald

Helse Sør-Øst

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Helse Sør-Øst

Org.formSærlovselskap
Org.nr.991324968
BransjeSpesialisthelseteneste
Skipa11. mai 2007
EigarHelse- og omsorgsdepartementet
DotterselskapAkershus universitetssykehus, Oslo universitetssykehus HF, Sykehuset Innlandet HF
HovudkontorHamar
LandNoreg
StyreleiarSvein Gjedrem
Nettstadhttps://helse-sorost.no/

Helse Sør-Øst RHF (der RHF står for regionalt helseføretak) er eit av dei fire regionale helseføretaka i Noreg, og er eigar av dei offentlege sjukehusa og andre offentlege helseføretak i fylka Østfold, Akershus, Oslo, Hedmark, Oppland, Buskerud, Vestfold, Telemark, Aust-Agder og Vest-Agder. Dessutan samarbeider Helse Sør-Øst RHF med private sjukehus og institusjonar. Til saman 2,9 millionar personar er busette i den luten av Noreg som Helse Sør-Øst RHF skal tene.

Helse Sør-Øst RHF vart skipa 1. juni 2007 ved at dei tidlegare regionale helseføretaka Helse Sør og Helse Øst var slege saman, og har hovudkontor i Hamar, kontorstad i Skien og møtesenter i Oslo. Føretaket har om lag 160 tilsette i administrasjonen.

Sjukehus og andre føretak under Helse Sør-Øst RHF

[endre | endre wikiteksten]

Sjukehusa og andre verksemder under Helse Sør-Øst RHF er organisert som såkalla helseføretak, HF:


Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Helse Sør-Øst