Helsebiblioteket

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Helsebiblioteket.no
Kvinneklinikken1.JPG
Helsebiblioteket held til i Domus & Medicus, det gamle Rikshospitalet sin kvinneklinikk.
Foto: Helge Høifødt
URL www.helsebiblioteket.no
Type Offentleg
Språk Norsk
Oppretta 6. juni 2006

Helsebiblioteket.no er ein offentleg finansiert nettstad som blei lansert 6. juni 2006[1] og som gir norsk helsepersonell og studenter gratis tilgang til oppdatert, fagleg kunnskap.[2]

Dette blir gjort ved å

  • abonnere på og gi tilgang til elektroniske tidsskrift
  • gi tilgang til databaser og kliniske oppslagsverk
  • gi tilgang til oppsummert forsking
  • samle nettressursar
  • skrive eigne aktueltartiklar

Helsebiblioteket.no gir tilgang til ny forsking, oppsummert forsking, nasjonale faglege råd og retningslinjer frå offentlege myndigheiter, rettleiingar, råd og prosedyrar frå anerkjende fagmiljø. Helsebiblioteket inneheld fleire emnesider. Dei mest omfattande er forgiftingar, kvalitetsforbetring, legemiddel, psykisk helse og samfunnsmedisin og folkehelse.

Nettstaden blir finansiert gjennom Statsbudsjettet. Han er driven av Folkehelseinstituttet[3]. Professor dr. med. Magne Nylenna er ansvarleg redaktør for nettstaden.

6. januar 2012 fekk Helsebiblioteket.no Norsk bibliotekforening sin pris Årets bibliotek 2011. Det er første gong prisen gjekk til eit heildigitalt bibliotek.[4]

Helsebiblioteket held til i det gamle Rikshospitalet sin kvinneklinikk, no Domus & Medicus, i Pilestredet park 7 i Oslo.

Helsebiblioteket har frikjøpt sentrale oppslagsverk som Legevakthåndboken, BMJ Best Practice, UpToDate og Micromedex for alle i Noreg.

Helsebiblioteket tilbyr også elektroniske tidsskrift som BMJ (British Medical Journal), JAMA (The Journal of the American Medical Association) og The New England Journal of Medicine (NEJM).

Helsebiblioteket er mykje nytta, både av helsepersonell, studentar og lekfolk.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Erikstein, Bjørn; Larsen, Bjørn-Inge; Røttingen, John-Arne. «Helsebiblioteket» gir fagstoff til alle. Dagbladet 7. juni 2006.
  2. Organisering og finansiering. Helsebiblioteket.no 18. januar 2016.
  3. Nye oppgaver i 2016. Folkehelseinstituttet 18. desember 2015.
  4. Helsebiblioteket.no er Årets bibliotek 2011. Norsk bibliotekforening 6. januar 2012.
  5. Eggen, Runar; Tjensvoll, Kjell; Nylenna, Magne. Examining the Use of an Open Digital Health Library for Professionals. JMIR Research Protocols Oct-Dec 2014

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]