Helsedirektoratet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Helsedirektoratet er eit tidlegare norsk direktorat i statsforvaltinga. Helsedirektoratet var fagorganet i den sentrale helseforvaltinga frå 1945 til 1993 og var leiande i utviklinga av helsevesenet i etterkrigstida under helsedirektørane Karl Evang og Torbjørn Mork.

Direktoratet vart oppretta i 1945 ved omorganisering av det tidlegare Medisinaldirektoratet, og nedlagd frå 1. januar 1994 ved ei omorganisering der det nye Statens helsetilsyn vidareførte dei fleste oppgåvene. Helsedirektoratet var organisert under Sosialdepartementet.

Statens helsetilsyn inngjekk seinare i ei omorganisering av den sentrale sosial- og helseforvaltinga frå 1. januar 2002 der det nye Sosial- og helsedirektoratet overtok ein del av oppgåvene som Helsedirektoratet og Statens helsetilsyn hadde hatt.

Spire Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.