Helseregisterlova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Helseregisterlova (Lov 18. mai 2001 nr. 24 om helseregistre og behandling av helseopplysninger) regulerer handsaming av helseopplysingar, og dermed også etablering av helseregister. Målsetjinga til lova er at helseopplysingar vert handsama i samsvar med grunnleggjande personvernsomsyn. Lova støttar seg elles til andre lover og forskrifter:

  • Personopplysingslova (Lov 14. april 2000 nr. 31 om behandling av personopplysninger)
  • Person­opplysingsforskrifta, jf. helseregisterlova § 36.

Ulike typar register[endre | endre wikiteksten]

  • Personidentifiserbare helseregister inneheld direkte personidentifiser­bare opplysningar som namn, fødselsnummer, andre kjenneteikn som t.d. biometriske eller genetiske kjenneteikn. Eit slikt register (Pasientregisteret) vart oppretta i Noreg etter endring i Helseregisterlova 16. februar 2007.[1]
  • Samtykkebaserte helseregister. Den registrerte har gjeve samtykke til handsaminga av helseopplysignar. Eit samtykke er ei frivillig, uttrykkeleg og informert fråsegn frå den som er registrert om at han eller ho godtek handsaming av helseopplysingar om seg sjølv.
  • Pseudonyme helseregister er register der direkte personidentifiserbare kjenne­teikn (som regel fødselsnummer) er kryptert eller endra på anna vis, men der opplysingane likevel er individualiserte slik at det let seg gjera å følgja ein person utan at identiteten vert gjort kjend.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]