Helsingin Sanomat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Helsingin Sanomat
Formattabloid
Grunnlagd1889, 7. juli 1904
EigararSanoma Corporation
Språkfinsk
ISSN0355-2047, 1239-257X, 1798-1557
Nettstadwww.hs.fi

Helsingin Sanomat (namnet tyder Helsingfors si avis) er Finlands og Nordens største abonnementsavis. I 2003 var kvardagsopplaget på 429 244 søndagsopplaget på 500 269. I 2004 var kvardagspplaget på 434 472. I eit land på 5 millionar innbyggjarar inneber det at avisa har ein posisjon meir dominerande enn det vi finn i dei fleste andre europeiske land.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Helsingin Sanomat vart grunnlagt under namnet Päivälehti (namnet tyder «Dagsavisa») i 1889 som talerør for det politiske partiet Ungfinnane. Blant grunnleggjarane var Eero Erkko, forfattaren Juhani Aho og målaren Arvid Järnefelt. Det første nummeret vart publisert 16. november 1889, regelmessige utgåver seks dagar i veka kom først i 1890.

Päivälehti vart stoppa av styresmaktene i juni 1904 fordi ho omtalte mordet på generalguvernør Bobrikov i positive ordelag. I staden grunnla utgjevarane Helsingin Sanomat, det første nummeret kom ut 7. juli 1904. Samtidig vart også utgjevarlutlaget Sanoma Osakeyhtiö, grunnlagt.

Posisjon i den finske marknaden[endre | endre wikiteksten]

Helsingin Sanomat har vorte kritisert for avisa si dominerande posisjon på den finske avismarknaden, særleg etter at den einaste riksdekkjande konkurrenten, Uusi Suomi gjekk inn i 1991. Internett, gratisaviser og tabloidavisene Ilta-Sanomat ogt Iltalehti har likevel svekka monopolet til Helsingin Sanomat det siste tiåret.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Helsingin Sanomat