Helsingland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hälsingland

Helsingland (svensk Hälsingland) er eit landskap i søndre Norrland i Midt-Sverige som grensar til Gästrikland i sør, til Dalarna og Herjedalen i vest, og til Medelpad i nord. Grovt rekna utgjer landskapet nordre luten av Gävleborgs län. I dette landskapet finst det om lag 150 000 synlege fornminne.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Helsingland har fått namnet sitt frå Tore Helsing, som flydde frå Jamtland på 800-talet.[1]

Helsingland er det einaste landskapet i Sverige som gjer teneste som eufemisme for helvete. Ifylgje kjelder var dette praksis allereie tidleg på 1690-talet.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Størsteparten av Helsingland er prega av åsar, med den 671 meter høge Garpkölen som den høgste. Største innsjø er Dellensjöarna, viktigaste vassdraget er Ljusnan som kjem frå Herjedalen, renn gjennom heile Helsingland, og munnar ut ved tettstaden Ljusne i Söderhamns kommune.

Folketalet i Helsingland er 133 540 og arealet er 14 264 km², slik at det i gjennomsnitt bur 9,4 personar per kvadratkilometer i dette landskapet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kjetil Jemte, som til Onund jarl frå Sparbu fór aust over Kjølen, og ein heil brote folk med han; dei bygde store bygder der det sidan heiter Jemtland. Soneson til Kjetil var Tore Helsing; han fór for ei draps-sak frå Jemtland og aust over til skogane som der ligg, og bygde; og dit søkte mykje folk med han. Dette landet kallar dei Helsingland. Snorre Sturlasson Kongesoger på nynorsk, i kapittelet Soga om Håkon den gode - side 87.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen som har med Sverige å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.