Link frå The Legend of Zelda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Helten Link)
Ein cosplayer utkledd som Link frå The Legend of Zelda

Link (リンク Rinku) er hovudpersonen og helten i dataspelserien The Legend of Zelda av Nintendo. Han er ofte rekna som ein av dei mest kjende dataspelfigurane. Under eventyra sine er Link vanlegvis kledd i grønt med ei grøn, spiss luve. Link er ikkje alltid ein og same person mellom dei ulike spela, helten blir stadig fødd på ny som ein annan person under same namn. Dette gjev figuren ein varierande utsjånad. Link er tradisjonelt venstrehendt.

Link får i oppdrag å frigjera prinsesse Zelda frå demonkongen Ganon, som kidnappar henne i sitt strev etter å få tak i dei tre stykka av den heilage trekrafta («Triforce») og ta over kongeriket Hyrule. Sverdet som Link leiter etter og bruker mot sine fiendar er kjent som «Master Sword» (meistersverdet). Dette sverdet kan driva dei mørke kreftene attende og forsegla Ganon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne dataspelartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.