Helter Skelter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Helter Skelter
Song av The Beatles
frå albumet The Beatles
Utgjeve 22. november 1968
Innspelt 9.–10. september 1968,
EMI Studios i London
Sjanger
Lengd 4:29 (stereo LP)
3:40 (mono LP)
Selskap Apple
Komponist Paul McCartney, John Lennon
Tekstforfattar Paul McCartney, John Lennon
Låtskrivar(ar) Lennon–McCartney
Produsent George Martin

«Helter Skelter» er ein song skriven av Paul McCartney[5][6], men som vanleg tilskriven Lennon/McCartney. Han vart spelt inn av The Beatles på albumet The Beatles. Songen var McCartney sitt forsøk på å skape eit lydbilete som var så høgt og skittent som mogeleg, og songen har vorte rekna som eit av dei aller første forsøka på heavy metal.[7][8] Han var ein av fleire songar på White Album som Charles Manson tolka som profetiar om ein krig mellom svarte og kvite.[9][10]

Inspirasjon[endre | endre wikiteksten]

McCartney vart inspirert til å skrive songen etter å ha lese eit intervju med Pete Townshend i The Who, der han skildra den siste singelen deira, «I Can See for Miles», som den høgaste, råaste, skitnaste songen The Who nokon gong hadde spelt inn. McCartney skreiv så «Helter Skelter» med dette i tankane.[5] På engelsk er «helter skelter» eit uttrykk som kan tyde «forvirrande», men er òg namnet på ei spiralforma sklie.[11] McCartney har nytta denne songen som eit svar til kritikarane som hevda at han berre skreiv balladar.[12] John Lennon har sagt at «Helter Skelter» utelukkande er McCartney sin song og han ikkje hadde noko å gjere med songen.[6]

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

The Beatles spelte inn fleire utgåver av songen. Ei utgåve vart over 27 minuttar lang, men har eit lågare tempo og manglar råskapen frå albumversjonen.[13] 9. september vart det gjort 18 forsøk på songen, der det siste av desse vart nytta på albumet.[14] Etter det attande opptaket kasta Ringo Starr trommestikkene sine gjennom studio[15] og ropte «I've got blisters on my fingers!»[5][14] Dette er med heilt på slutten av songen, men berre på CD-utgåva. Songen tonar ut etter om lag 3:40, før han gradvis vert tona inn att. Mono-utgåva (berre på LP) endar med den første uttoninga.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Personell per Mark Lewisohn[16] og Alan W. Pollack[17]

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Songen har vorte spelt av mange artistar og vorte hylla av kritikarar. Richie Unterberger i Allmusic kalla han «ein av dei sintaste og mest brutale rockesongane som nokon gong er gjort».[8] Ian MacDonald var kritisk og kalla han «latterleg, McCartney skrik mot eit bakteppe av støy utan melodi»[18]

I mars 2005 plasserte musikkmagasinet Q songen på femteplass på lista deira over dei 100 største gitarsongane gjennom tidene.

Charles Manson[endre | endre wikiteksten]

Charles Manson fortalde tilhengjarane sine at songane på White Album, som «Helter Skelter», var ein profeti om ein apokalyptisk krig mellom kvite og svarte.[19][20][21] Manson kalla heile planen sin for Helter Skelter.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Mange artistar har gjort sine eigne innspelingar av songen, mellom andre Aerosmith, Siouxsie & the Banshees, Dianne Heatherington, Pat Benatar, Ian Gillan, Mötley Crüe, The Bobs, Vow Wow og Dana Fuchs.

Mange har òg spelt songen på konsertar, mellom andre Hüsker Dü, U2, Phish og Oasis.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. McKinney, Devin (2003). Magic Circles: The Beatles in Dream and History. Harvard University Press. s. 231. ISBN 0-674-01202-X. 
  2. Winn, John C (2009). That Magic Feeling: The Beatles' Recorded Legacy, Volume Two, 1966–1970. Three Rivers Press. s. 210. ISBN 0-307-45239-5. 
  3. Rowley, David (2013). All Together Now. Troubador Publishing Ltd. s. 68. 
  4. Athitakis, Mark (September–October 2013). «A Beatles Reflection». Humanities. National Endowment of the Humanities. Henta 24. april 2016. 
  5. 5,0 5,1 5,2 Barry Miles (1997). Paul McCartney: Many Years From Now. New York: Henry Holt & Company. s. 487–488. ISBN 0-8050-5249-6. 
  6. 6,0 6,1 David Sheff (2000). All We Are Saying: The Last Major Interview with John Lennon and Yoko Ono. New York: St. Martin's Press. s. 200. ISBN 0-312-25464-4. 
  7. AMG si meldinga av White Album
  8. 8,0 8,1 «AMG si melding av «Helter Skelter»». Henta 9. februar 2009. 
  9. «Charles Watson autobiography as told to Ray Hoekstra». Henta 9. februar 2009. 
  10. Bugliosi, Vincent with Gentry, Curt, Helter Skelter -- The True Story of the Manson Murders 25th Anniversary Edition, W.W. Norton & Company, 1994. ISBN 0-393-08700-X. side 240-7.
  11. «Definisjon av helter-skelter». Henta 9. februar 2009. 
  12. The Beatles (2000). The Beatles Anthology. San Francisco: Chronicle Books. s. 311. ISBN 0-8118-2684-8. 
  13. «Helter Skelter - Music History». www.iamthebeatles.com. Henta 9. februar 2009. 
  14. 14,0 14,1 Mark Lewisohn (1988). The Beatles Recording Sessions. New York: Harmony Books. s. 154. ISBN 0-517-57066-1. 
  15. Bob Spitz (2005). The Beatles: The Biography. Boston: Little, Brown. s. 794. ISBN 0-316-80352-9. 
  16. Lewisohn 1988, s. 154.
  17. Pollack 1998.
  18. Ian MacDonald (1994). Revolution in the Head: the Beatles' Records and the Sixties. New York: Henry Holt og Company. s. 239–240. ISBN 0-8050-2780-7. 
  19. «Testimony of Paul Watkins in the Charles Manson Trial». Henta 28. februar 2007. 
  20. «The Influence of the Beatles on Charles Manson». Henta 9. februar 2009. 
  21. Bugliosi, 240-7.