Helvikfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Helvikfjorden er ein fjord i Farsund kommune, like vest for sjølve Farsund. Fjorden har innløp der Hanersundet møter Krossnessundet vest for Øyna. Han går først vestover og delar seg så i tre retningar. Den eine går rett sørover til Kjørrefjordkilen, ein går sørvestover til Røssevika, medan ein del går nordover til innløpet til Suttevikpollen, som er ein del av fjorden Framvaren.

Grenda Helvik ligg på vestsida av fjorden. Her ligg det mellom anna ein campingplass.

Frå innløpet til enden av Kjørrefjordekilen er fjorden 2,5 km lang.