Helvin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Helvin er eit gult til brunt mineral som mellom anna opptrer i syenitt-pegmatittar (til dømes ved Langesundsfjorden) og på kontaktførekomstar (til dømes i Oslofeltet). Det krystalliserer i det kubiske system og har same krystallstruktur som sodalitt. Krystallforma er vanlegvis eit tetraeder. Kjemisk er det eit mangan-berylliumsilikat med svovel Mn4Be3(SiO4)3S. Dei analoge jarn- og sinksambindingane er danalitt Fe4Be3(SiO4)3S og genthelvin Zn4Be3(SiO4)3S.

Det første leddet kjem av det greske namnet på sola og syner til den gule fargen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Helvin. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/helvin.