Hem kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hem kyrkje
kyrkje
Hem kirke i Lardal.jpg
Foto: Jan-Tore Egge
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Vestfold og Telemark
Kommune Larvik
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Tunsberg
Prosti Larvik
Sokn Hem
Fellesråd Larvik
Type Langkyrkje
Teknikk Mur
Material Stein og tre
Innvigd Usikkert
 - Endringar M.a. 1686, 1700-talet, 1847, 1930–32, 1951
Takryttar Av tre, på skipet
Kor Rett avslutta
Klokker 2: 1100-talet og 1945 (O. Olsen & Søn)
Kyrkjegard Ved kyrkja
Preikestol Ca. 1680 (rest. med seinare bilete)
Døypefont Ca. 1680
Altartavle Katekismetavle, ca. 1600
Orgel Vestfold Orgelbygg, 1966
Sitjeplassar 90
Map
Hem kyrkje
59°25′36″ N 10°1′13″ E
Wikimedia Commons: Hem kirke

Hem kyrkje er ei langkyrkje i Larvik kommune i Vestfold og Telemark. Kyrkja er første gong nemnt i 1392 og soknet i 1388. 600-årsjubileum vart feira i 1992, men kyrkja er av ein type som gjerna vart bygd på 1100- og 1200-talet.

Skipet og koret er av stein (bordkledt bindingsverk i austgavlen på skipet) og frå mellomalderen. Det tømra våpenhuset er truleg frå midten av 1800-talet. Den noverande takryttaren (også av tre) er frå 1847 (ombygd på 1900-talet). Sakristiet er frå 1932 og vart flytta i 1951.

Kyrkja var i privat eige til 1913. Utanfor kyrkjegardsmuren står eit kombinert bårehus og servicebygg frå 1976.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]