Hen and Chicken-øyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Hen and Chicken Islands)
Gå til: navigering, søk
Frå venstre til høgre: Chicken Islands, Hen Island og Sail Rock
Pukatre (Meryta sinclairii) er ein karakteristisk del av floraen på øyene

Hen and Chicken-øyene (vanlegvis kjende berre som Hen and Chickens, «høna og kyllingane») er ei øyrekkje aust for Northlandhalvøya utanfor kysten av NordøyaNew Zealand. Dei ligg tolv km aust for Bream Head og 40 km søraust for Whangarei.

Øyene vart namngjevne av kaptein James Cook, som først såg dei i 1769. Namnet kan ha vore inspirert av eit gammalt namn på stjernehopen som no vert kalla Pleiadane (og kalla Matarikimaori).

Opphavleg høyrde øyene til maoriiwien Ngā Puhi, som selde dei til den newzealandske staten i 1883. Øyene vart gjorde til eit naturreservat i 1908 på grunn av den sjeldne flora og faunaen sin, og dei vart ein fristad for dyreliv i 1953. Hen+øya var seld av maoriane nokre år tidlegare, då øya vart kjøpt av Thomas Outhwaite frå Auckland i 1872. Dotter hans, Isa Outhwaite, testamenterte øya til nasjonen i 1927, og ho vart også gjort til eit naturreservat.

Øyene er kjende for fuglelivet sitt, med koloniar av lirer og havsvaler, men også skogsfuglar som no er sjeldne eller utrydda på hovudlandet, i tillegg tuatara, eit firfisleliknande krypdyr.

Hen-øya[endre | endre wikiteksten]

Hen-øya, eller Taranga, er skild frå resten av øykjeda og ligg sju km mot sørvest. Ho er langt den største av øyene med eit areal på i alt 4,7 km². Øya er lang og tynn, har ei lengde på seks km og ei gjennomsnittleg breidde på under 1000 meter. Ho er rest av ein fire millionar år gammal vulkan. Øya er dominert av ein steinete åskam som på det høgaste er meir enn 400 meter høg, kalla The Pinnacles («tindane»).

Sail rock, ei fjellsøyle, stig opp or havet tre km sør for Hen Island. Ho er eit viktig seglingsmerke for lystfarty.

Chicken Islands[endre | endre wikiteksten]

Chicke-øyen, eller Marotiri består av ei kjede av fem små øyer som strekkjer seg frå nordvest mot søraust nord for Hen Island. Øykjeda består av Mauitaha (også kalla Northwestern Chicken), Lady Alice Island (kjend som Big Chicken eller Motu Muka), Whatupuke (også kjend som Middle Chicken), og Coppermine Island (Eastern Chicken), så vel som Southwestern Chicken som ligg noko lenger unna.

Mauitaha (Northwestern Chicken)[endre | endre wikiteksten]

Mauitaha er ei lita klippeøy, 30 000 m² stor. Ho er nesten delt i to, den største delen ligg mot nord.

Lady Alice-øya (Big Chicken eller Motu Muka)[endre | endre wikiteksten]

Øya har fått namn etter lady Alice Fergusson, kona til Sir Charles Fergusson, som var generalguvernør på New Zealand i åra 1924–1930. Ho er den største av dei fem Chicken-øyene, og av særleg interesse på grunn av floraen og faunaen på øya. Flatevidda til øya er 1.4 km², og ho er omgjeven av steinete rev. Ho var busett av maoriar fram til i 1820-åra, og vart bruka som base for fiskarar i 1890-åra. På same tid vart det også sett ut kveg på øya, men dette vart fjerna i 1920-åra.

Whatupuke (Middle Chicken)[endre | endre wikiteksten]

Øya er tidlegare kjend som Whakahau og består av ein større austleg del med ei halvøy mot sørvest. Kysten til denne halvøya dannar ein av dei mest særmerkte landskapsformasjonane i øykjeda, ei 300 meter vid havbukt (Starfish Bay). Arealet til øya er 1 km², ho er brattlendt og hevar seg til 250 meter.

Coppermine-øya (Eastern Chicken)[endre | endre wikiteksten]

Coppermine-øya dekkjer eit areal på 750 000 m². Ho består av to delar som er bundne saman av eit kort eid. Som namnet tyder på, er det førekomstar av kopar på øya, men freistnader på å utvinna desse i 1849 og 1898 synte seg ulønsame.

Southwestern Chicken[endre | endre wikiteksten]

Denne 200,000 m² store, krattkledde klippa ligg ein kilometer sør for Mauitaha. Det er ei forreven øy som hevar seg til nesten 100 meter på det høgaste.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Wise's New Zealand Guide (4. utg.) (1969). Dunedin: H. Wise & Co. (N.Z.) Ltd.