Hen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Hen i Rauma)
Hen kyrkje, Isfjorden.
Vikinghuset ved Isfjorden skole.

Hen (av norrønt Hávin) er ein tidlegare kommune og ein liten tettstad i Isfjorden i Rauma kommune i Møre og Romsdal. Heen er den vanlege skrivemåten for etternamn (gardsnamn).

Staden hadde tidlegare fleire forretningar, drosjesentral, kafé, bank, postkontor og bensinstasjon. På 1980- og 1990-talet opplevde staden tilbakegang som handelsstad. Den korte avstanden til kommunesenteret Åndalsnes er ei av årsakene.

På Hen ligg Hen kyrkje, barneskule (Isfjorden barneskole) og idrettshall (Isfjordshallen).

Vikinghuset er bygd etter teikningar frå ei arkeologisk utgraving, som kopi av eit hus frå vikingtida.

Tidlegare kommune[endre | endre wikiteksten]

Hen er ei tidlegare sjølvstendig kommune. Frå 1837 var Hen ein del av Grytten formannskapsdistrikt.

1. januar 1902 blei Hen skilt ut frå Grytten som eigen kommune. Hen hadde ved etableringa som eigen kommune 1 128 innbyggarar.

1. januar 1964 blei Hen slått saman med Eid, Grytten og Voll kommunar samt det meste av Veøy kommune til den nye Rauma kommune. Hen hadde ved samanslåinga 1 663 innbyggarar.

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling for tidlegare Hen kommune frå 1899 til 1964:

1.1.1902[1] 1910[2] 1.12.1920[3] 1.12.1930[4] 3.12.1946[4] 1.1.1951[5] 1.1.1961[5] 1.1.1964[1]
1128 1136 1144 1222 1512 1621 1617 1663

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)
  2. "Hjemmehørende folkemengde Møre og Romsdal 1801-1960 Arkivert 2007-02-23 ved Wayback Machine. frå Registreringssentral for historiske data, vitja 1. september 2010
  3. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  4. 4,0 4,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  5. 5,0 5,1 Folkemengd i Hen 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå