Hendrick Avercamp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hendrick Avercamp

Statsborgarskap Dei sameinte Nederlanda
Fødd 27. januar 1585
Amsterdam
Død

15. mai 1634 (49 år)
Kampen

Yrke kunstmålar
Hendrick Avercamp på Commons
Vinterlandskap, ca. 1608

Hendrick Avercamp (27. januar 158515. mai 1634) (dåpsdato og gravlagd-dato) var ein nederlandsk kunstmålar frå Amsterdam.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Avercamp gjekk i lære i heimbyen hos den danskfødde portrettmålaren Pieter Isaacks, kanskje også med David Vinckboons. I 1608 flytta han til Kampen i provinsen Overijssel. Grunna ein feil i taleorganet vart han kalla "de stomme van Kampen".

Som ein av dei fyrste landskapsmålarane av 1600-talsskulen i hollandsk målarkunst, spesialiserte Avercamp seg i å måle Nederlanda i vinterdrakt. Måleria hans er fargerike og livfulle, med nøyaktig utforma menneskefigurar i landskapet. Mange av Avercamp sine bilete viser fram folk som går på skeiser på dei frosne kanalane. Verka hans var mykje populære. Mellom anna selde han teikningane sine som ferdige bilete, etter det var lagt eit strøk med vassfargar på dei.

Avercamp døydde i Kampen og vart gravlagd frå Sint Nicolaaskerk der. Han har late etter seg ei mengd måleri og teikningar, oftast vinterstemningar og med små staffasjefigurar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]