Hengedal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bridalveil Falls som renn ut av ein hengdal i Yosemite National Park

Hengedal eller hengande dal er ein dal som ender opp høgt i sida av ein djupare dal.[1]

Ein hengedal er ofte blitt skapt av at ein mindre isbre har flote ut i ein større. Den større isbreen har skapt ein U-dal som hengedalen munnar ut i. Den mindre isbreen vil ha hatt mindre erosjonsevne enn den større, ettersom ho var tynnare og saktare.[1] Sidan begge isbreane hadde overflater som nådde same høgd, ser det ut som om den mindre dalen «heng» over hovuddalen. Dersom ein hardare bergart ligg over ein som er lausare, vil forskjellen i høgd mellom dalbotnen i den hengande dalen og hovuddalen auka over tid.[2] Ofte blir det danna fossar i eller nær munningen av den hengande dalen.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «hengende dal» i Store norske leksikon, snl.no.
  2. «Illustrated Glossary of Alpine Glacial Landforms - Hanging Valley». .uwsp.edu. Henta 2011-10-03. 
  3. «Glossary of Glacier Terminology». U.S. Geological Survey. 28. mai 2004. Henta 2007-05-24. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]