Hengekøye

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hengekøyer festa til tre

Ei hengekøye er ei køye av seglduk, flettverk eller liknande til å henge opp mellom to festepunkt. Hengekøyer fungerer som sove- og kvileplass, og dei er ofte brukte ute når vêret er mildt, særleg om sommaren.

Hengekøyer av seglduk vart brukte av det meinige mannskapet på dei fleste orlogsskipa inntil åra like etter andre verdskrig. Om kvelden vart køyene strekte mellom krokar og bøylar oppunder dekk på banjerane. Om dagen vart dei stua bort i finkenett eller køykister. Seinare vart dei erstatta av faste køyer.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]