Henjadalen

Koordinatar: 61°13′16″N 6°50′43″E / 61.22111°N 6.84528°E / 61.22111; 6.84528
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

61°13′16″N 6°50′43″E / 61.22111°N 6.84528°E / 61.22111; 6.84528

Henjadalen.
Foto: Per Olav Bøyum

Henjadalen er ein dal i Sogndal kommune i Vestland fylke. Han startar ved Røysa, Henjum og Henjafossen ovanfor Hermansverk. Gjennom dalen renn Henjaelvi. Halvveges framme i dalføret ligg stølen Flya og lenger framme ligg Nyastødl. Det er mange år sidan det var seterdrift på desse stødlane.

Sidedalar og sideelvar[endre | endre wikiteksten]

Halvveges inne i dalføret byrjar sidedalen Skuledalen, med elva Skulaona. Halvveges mellom Flya og Nyastødl, renn sideelva Reisetao, frå Fjærlandssetevatnet, ned i dalen. Ved Nyastødl deler dalen seg. 1: Fyrst går Friksdal og elva Friksdøla vest/nordvest fram mot Voggebreen. 2: Frå Nyastødl går elva nord/nordaust til Slettabotn og opp til Myrdal med 3 fjellvatn. Fremst ligg Voggebreen. 3: Frå Nyastødl nordaust går Trastaona opp til Vådn og vidare til Vetle Trastadalsvartnet og vidare opp til Stora Trastadalsvatnet.

Kraftutbygging[endre | endre wikiteksten]

Sognekraft har søkt om konsesjon til bygging av Leikanger kraftverk i Henjadalen og Grindsdalen. Dette vil påverka heile hovuddalen og store delar av heile dalføret.