Henjum kyrkjestad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Henjum kyrkjestad ligg på garden Henjum i Leikanger i Sogn. Stavkyrkja på Henjum vart truleg bygd av storbonden der mellom 1100 og 1300, og ho stod ovanfor der Palnafjøsen står i dag. På midten av 1300-talet åtte ho jord i fire gardar: Henjum, Røysum, Halland og den til no ukjende garden i Skaganum, Skaginn, som kanskje kan vera Skahaug. At kyrkja på Henjum åtte i desse fire gardane kan tyda på eit nært samband mellom desse – kanskje låg alle gardane under Henjum då kyrkja vart bygd? I 1544 vart kyrkja på Henjum nedlagd, og inntektene vart lagde til Korskirken i Bergen.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]