Henning Dahl-Mikkelsen
Hopp til navigering
Hopp til søk
Henning Dahl-Mikkelsen | |
Fødd | 9. januar 1915 Skive |
Død |
4. juni 1982 (67 år) |
Yrke | teikneserieskapar, teiknar, animatør |
Henning Dahl-Mikkelsen (fødd 1915 i Skive i Danmark, død 1982) var ein dansk teiknar og teikneserieskapar. Etter eit par år i målarlære arbeidde han i reklamebransjen og med teiknefilm, mellom anna i London.
I 1937 starta han teikneserien Ferd’nand. Signaturen hans var «Mik».
Etter andre verdskrigen drog han til USA. Han fekk ikkje jobb på Disney teiknefilmstudio, slik han hadde vona. i 1947 fekk han Ferd’nand utgjeve i USA, noko som var svært vellukka.
I tillegg til Ferd’nand laga han teikneseriane Familien Hansen, Thor og hans hammer og Lise og Lasse
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Haakon W. Isachen: Ingen jul uten Juleheftene Egmont serieforlag 2004