Henning Jakhelln

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Henning Jakhelln
Statsborgarskap Noreg
Fødd 22. mars 1939 (84 år)
Yrke jusprofessor

Henning (Tønsberg) Jakhelln (fødd 22. mars 1939) er ein norsk professor ved Institutt for offentleg rett ved Universitetet i Oslo.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Henning Jakhelln vart fødd i Bodø. Han vart utdanna cand.jur. i 1963, i 1967 vart han lic.jur. Frå 1964 til 1965 var han advokatfullmektig, men han har i det meste av karrieren sin vore tilsett ved Universitetet i Oslo på dei ulike juridiske institutta der. Han var vitskapleg assistent ved Nordisk Institutt for Sjørett, frå 1963 til 1964, før han vart universitetslektor og stipendiat ved Institutt for Privatrett i åra 1965 til 1971. Deretter flytta han til Institutt for offentleg rett, først som amanuensis, seinare førsteamanuensis og sidan 1990 som professor.

Sidan 2005 har han vore nettredaktør for nettsida Arbeidsrett.no.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Dette er eit lite uval frå Jakhellns lange liste over publikasjonar og artiklar:

  • Medredaktør (saman med Carsten Smith og Njål Høstmælingen) av «Torkel Opsahl: Statsmakt og menneskerett, bind I og II», [ca. 1300 s.], ad Notam-Gyldendal 1995
  • Foretaket som arbeidsgiver. Avsnitt i boka «Foretaksrett», s. 185-237, Ad Notam forlag, 1989.
  • Reguleringen av lærernes arbeidsrettslige stilling i lov og avtaleverk. Avsnitt i boka «Norsk Skolerett», s. 383-418, Universitetsforlaget 1987.
  • «Labour Law on the Norwegian Continental Shelf/ Kontinentalsokkelens arbeidsrett.» [199 s.] Stokkand forlag 1984.
  • Arbeidsretten.,Avsnitt i «Knoph's Oversikt over Norges rett», 7. utg., s. 605-638. Universitetsforlaget 1975.
  • Arealdisponeringen og lovverket. Avsnitt i boka «Matforsyning og jordressurser», s. 103-130. Landbruksforlaget 1974.
  • Rettsreglene om adopsjon. Avsnitt i boka «Adopsjon?», s. 101-113, Gyldendal 1972.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]