Henning Jensen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Henning Jensen i Ajax-drakt

Henning Jensen (17. august 19494. desember 2017) var ein dansk fotballspelar frå Nørresundby som vann UEFA-cupen 1975 for Borussia Mönchengladbach. Perioden 1975-80 vart han seriemeister i såvel Vest-Tyskland, som i Spania og Nederland.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Angrepsspelaren Jensen spelte på nivå fire i heimlege Nørresundby til sommaren 1972. Etter å ha imponert i ein kvalifiseringskamp til Sommar-OL 1972 fekk han kontrakt med den vesttyske toppklubben Borussia Mönchengladbach. Med Borussia vann han DFB-pokalen i 1973, UEFA-cupen 1975 og bundesligaen 1975 og 1976. Deretter vart han overført til Real Madrid i Spania og var med på å vinne La Liga i 1978 og 1979. Frå 1979 til -81 var Jensen i to sesongar Ajax-spelar, i sin fyrste sesong vart han nederlandsk seriemeister. Han avslutta si tid som aktiv spelar med Aarhus GF, der han frå 1981 til -83 for fyrste gong spelte i dansk toppserie.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Frå 1972 til 1980 deltok Jensen i 21 av Danmarks landskampar. Han skåra 9 mål.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]