Henri Coiffier de Ruzé d'Effiat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Henri Coiffier de Ruzé d'Effiat
Marques Cinq Mars.jpg
Fødd 27. mars 1620
Død

12. september 1642
Lyon

Yrke militær
Henri Coiffier de Ruzé d'Effiat på Commons

Henri Coiffier Ruzé d'Effiat, marquis de Cinq-Mars, (27. mars 162012. september 1642) var ein av favorittane til den franske kongen Ludvig XIII av Frankrike, og frontfigur for den siste samansverginga mot kongen sin førsteminister, kardinal Richelieu.

Cinq-Mars var son av Antoine Coiffier-Ruzé, marquis d’Effiat, ein nær ven av Richelieu. Då faren døydde i 1632, tok Richelieu guten under sin vern. Han bringa den unge Cinq-Mars til det kongelege hoff, der han håpte å gjera han til ein av favorittane til kongen, kan hende òg til elskarne til kongen. Detta lukkast han i, men han forrekna seg i kor enkelt det ville vera å kontrollera Cinq-Mars, som vende seg mot sin velgjører og freista å få han avsett og avretta. Han fekk med seg fleire adelsmenn, og freista dessutan å søkja støtte frå kong Filip IV av Spania. Richelieus spionar klarte likevel å avsløra komplottet, og Cinq-Mars vart fengsla og deretter halshogd i Lyon.

Alfred de Vigny sin roman Cinq-Mars frå 1826 er basert på livet til markien. Det same er Charles Gounod sin opera med same namn, som hadde premiere i 1877.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]