Hopp til innhald

Henri Dunant

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jean Henri Dunant

Henri Dunant
StatsborgarskapSveits, Frankrike
Fødd8. mai 1828
Genève
Død

30. oktober 1910 (82 år)
Heiden

Yrkeforretningsmann
Språkfransk
Religionprotestantisme, reformed[*]
FarJean Jacques Dunant
MorAnne Antoinette Colladon
Ektefelleingen verdi
Henri Dunant på Commons

Jean Henri Dunant (fødd 8. mai 1828 i Genève, død 30. oktober 1910 i Heiden)[1]var ein sveitsisk forretningsmann og filantrop. I 1859 blei han augevitne til slaget ved Solferino i Italia. Seinare skildra han kor dårleg saniteten fungerte i skriftet Un souvenir de Solférino, noko som førte til skipinga av den internasjonale Raudekrossen i 1863 og Genèvekonvensjonane året etter.[1]

I 1901 fekk Dunant den første Nobels fredspris, saman med franskmannen Frédéric Passy.[2]

  1. 1 2 «Henry Dunant - Facts». Nobelprize.org. Henta 29. september 2015.
  2. «The Nobel Peace Prize 1901». Nobelprize.org. Henta 29. september 2015.