Henri Fantin-Latour

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Henri Fantin-Latour

Sjølvportrett, 1860
Pseudonym Fantin-Latour, Ignace Henri Jean Theodore
Statsborgarskap Frankrike
Fødd 25. januar 1836
Grenoble
Død

25. august 1904 (68 år)
Buré

Yrke kunstmålar, botanisk illustratør, litograf, grafikar, grafikar
Sjanger stilleben, blomstermåleri, historiemåleri, mytologisk maleri, portrettmåleri
Medlem av Groupe des Batignolles, Société du Jing-lar
Far Théodore Fantin-Latour
Ektefelle Victoria Dubourg
Henri Fantin-Latour på Commons
Vase med peonar, 1881
Eit atelier i Batignolles, 1875

Ignace Henri Jean Théodore Fantin-Latour, (14. januar 183625. august 1904), var ein fransk målar og litograf, fødd i Grenoble. Han er mest kjend for sine måleri med blomstermotiv og gruppeportrett av vennene sine i Paris.[1]

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Faren Théodore Fantin-Latour var portrettmålar og underviste i kunst. År 1841 flytta familien til Paris. Sonen Henri byrja tidleg i lære hos faren, deretter studerte han teikning 1850-54 ved 'Lecoq de Boisbaudran'. Etter ei kort tid ved kunstskulen 'École des Beaux-Arts' arbeidde han ein periode i Gustave Courbet sitt atelier. Frå 1853 byrja han regelmessig å kopiere verk av dei gamla meistrane i Louvre og måleri av Eugène Delacroix i 'Musée du Luxembourg'. Gjennom tolv år forsørgde han seg hovudsakleg på å lage kopiar.

Han trefte målarane Edgar Degas i Louvre 1855, Édouard Manet i 1857 og Berthe Morisot i 1858. År 1858 vart han elles kjend med James Whistler, som baud Fantin-Latour å kome til London. Der vart han kjend med kunstnarmiljøet i den britiske hovudstaden og i 1864 stilte han ut av arbeida sine på Royal Academy of Arts. I London vart han særskilt populær for sine blomstermåleri.

Fantin-Latour måla fleire gruppeportrett, mellom andre Hommage à Delacroix (1864), Smaksprøva (1865), Eit atelier i Batignolles (1870), Ved bordet (1872), Rundt pianoet (1885). Han etterlet seg 23 sjølvportrett. Både hans stilleben og portrett er måla i ein realistisk stil i tradisjonen etter dei gamle meistrane. Dei mange litografia og måleria som er inspirert av fantasifulle tema syner hans romantiske pasjon for Richard Wagner, Hector Berlioz og Robert Schumann. Desse arbeida kom seinare til å påverke symbolistiske målarar sterkt, mellom andre Odilon Redon.

Trass nære kontaktar og vennskap med mange førande impresjonistar, forkasta Fantin-Latour teoriane deira og deltok aldri på deira utstillingar. I 1879 vart han utnemnd til Æreslegionen.

Han døydde i 1904 i Orne i Basse-Normandie.

Måleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. arkivkopi, arkivert frå originalen 29. september 2009, henta 13. august 2012 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Henri Fantin-Latour