Henri Giffard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Henri Giffard

Fødd8. februar 1825
Paris
Død14. april 1882
Paris
NasjonalitetFrankrike
Yrkeingeniør, oppfinnar, aeronaut
Ein av Giffard sine konstruksjonar på eit luftskip.

Henri Giffard (8. januar 182514. april 1882) var ein fransk ingeniør og pioner som luftskipskonstruktør.

Giffard var fødd i Paris. Etter avslutta ingeniørstudium i Bourbon vart interessa hans for luftfarkostar vekka. Då han hadde lukkast i å konstruera ein dampmaskin som berre vog 150 kg og gav 3 hk såg han eit høve i å kombinera Pierre Julliot sin fjørdrivne luftskipsmodel med sin dampmaskin.

Flykroppen vart bygd som ein avlang ballong, spiss i begge ender. Lengda var 43,6 m med ein største diameter på 12,2 meter, den romma 2 500 hydrogengass. I eit reip festa i ballongen hengde han ein gondol kor dampmaskina vart plassert. Ein aksel dreiv frå dampmaskina dreiv ein toblada propell. Lyftekrafta for farkosten var 1 750 [[kg] og den veide 1 420 kg som ga den bæreevne for fører og last, brensel og vatn på 330 kg.

Den 24. september 1852 startet han med luftskipet som no hadde fått namn «Dirigible» frå Paris Hippodrom. Han flaug med ein fart på 8 km/t og kunne under flyvningen utføra svingar på 360 gradar. Etter 27 kilometers flygning landa han heime, i si eiga trapp. På grunn av motvind kunne han ikkje venda attende til Paris luftvegen, men Giffard så at med sterkare motor lå det store høve i hans oppfinnelse.

Han fekk bygd eit større luftskip til Verdensutstillingen i Paris (1878) som kunne bera 40 passasjerar, men allereie i starten eksploderte det. Som ved eit under berget han seg.

På sina eldre dagar fekk Giffard synsproblemer og han valde sin eigen død. Han testamenterte alle sina papir til vitskapens framme. Då Eiffeltårnet vart bygd vart hans namn oppført blant dei 72 fremste franskmenn som fekk sit namn på ei minneplate i tårnet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]