Henric Benzelius

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Henric Benzelius
Benzelius, Henric ur 427 porträtter af namnkunniga svenske män och fruntimmer (1847).jpg
Fødd7. august 1689
Q10682103
Død20. mai 1758
Uppsala domkyrkoförsamling
NasjonalitetSverige
Yrkeprest, teolog, universitetslærar, orientalist
InstitusjonarLunds universitet
Alma materUppsala universitet
MedlemKungliga Vetenskapsakademien

Henric Benzelius (fødd 7. august 1689 i Strängnäs, død 20. mai 1758 i Uppsala) var ein svensk teolog og professor ved Lunds universitet 1720. Han vart biskop i Lunds stift i 1740 og erkebiskop i 1747.

Henric Benzelius var son til erkebiskopen Eric Benzelius d.e. og Margaretha Odhelia (1653–1693). Han var bror til Jakob Benzelius.

Han studerte i Uppsala og la i 1712 ut på ei reise gjennom Preussen, Polen, Ungarn og Moldavia til Karl XII i Bender, der han vart teken til fange. Etter å ha vorte sett fri drog han frå Demotika til Konstantinopel, der han ei stund tenestegjorde som legasjonspredikant. Han fortsette så reisa over Vesleasia til Syria og Palestina, og besøkte Egypt og Arabia, før han drog over Livorno seg til Paris (1716) og derfrå til Tyskland og Holland.

Benzelius vart utnemnd til praepositus ved Lunds kommunitet i 1719 og i 1720 til ekstraordinær professor ved det filosofiske fakultetet. I 1728 vart han professor i orientalske språk, i 1732 i teologi, i 1740 biskop i Lund og til slutt (etter broren Jakob) 1747 erkebiskop.

Han var med i alle riksdagane frå 1740 til 1756, og døydde i Uppsala i 1758.

Benzelius var i samtida kjend også utanfor Sveriges grenser. I Tyskland vart det utgjeve eit samleverk over eksegetiske verk av Benzelius, Synlagma dissertationum (1745).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]