Henriette-Julie de Castelnau de Murat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Henriette-Julie de Castelnau de Murat
Henriette-Julie de Castelnau de Murat.jpg
Fødd 1670Rediger på Wikidata
Brest i Frankrike
Død

29. september 1716
Château de la Buzardière

Yrke salongvert, barnebokforfattar, skribent, eventyrsamlar
Språk fransk

Henriette-Julie de Castelnau de Murat (1. januar 167029. september 1716) var ein fransk forfattar frå aristokratiet seint på 1600-talet og tidleg på 1700-talet. Ho skreiv romanar og eventyr.

Henriette-Julie de Castelnau var fødd i Brest som dotter av marki Michel de Castelnau, som var guvernør i byen og son av marskalken av Frankrike Jacques de Castelnau, og Louise-Marie Foucault de Daugnon, som var dotter av marskalken av Frankrike Louis de Foucault de Saint-Germain Beaupré. Faren døydde då ho var seks år gammal, og ho arva tittelen som markise av Castelnau.

Ho blei gift med oberst Nicolas de Murat, greven av Gibertès, i 1691, då ho var 21 år gammal. Eit år seinare fekk ho ein son, César de Murat. Men kort tid seinare forlét ho ektemannen, som skal ha vore forderva og vondskapsfull, og slo seg ned i Paris. Her blei ho del av det litterære livet, og vitja salongen til markisa av Lambert i rue de Richelieu. Der møtte ho litterære personlegdommar som Marie-Catherine d'Aulnoy, som ho verdsette særs mykje, Catherine Bernard og kusina hennar Charlotte-Rose de Caumont La Force. Inspirert av d'Aulnoy gav ho ut sine eigne eventyr, Contes de fées og Les Nouveaux Contes de Fées i 1698 og deretter Histoires sublimes et allégoriques og Voyage de campagne i 1699.

Samstundes levde ho eit skandaleombrust liv, og blei skulda for lesbisk og lausliva oppførsel av politisjefen Marc-René de Voyer de Paulmy d'Argenson. Ho blei persona non grata ved hoffet, og blei nøydd til å forlata Paris og selja marki-setet i Castelnau til Claude Forcadel i 1699. Året etter drog ho til Limousin, der ho truleg budde med elskaren sin Madame de Nantiat. I 1702 blei ho arrestert og fengsla i slottet i Loches.

Etter å ha forsøkt å rømma blei ho overført til slottet i Saumur i 1706 og til slottet i Angers i 1707. Seinare blei ho ført tilbake til Loches der ho fekk tilgang til det gode selskap att under streng kontroll. I 1709 blei ho endeleg lauslaten på visse vilkår av Louis Phélypeaux, comte de Pontchartrain. Då Philippe d’Orléans blei regent blei ho fullstendig frigjeven.

Under dei sju åra i fangenskap skreiv ho ikkje. Etter å ha blitt fri byrja ho skriva att, men fekk ikkje same suksess som før. Ho gav ut Histoire de la courtisane Rhodope i 1708 og Histoires galantes des habitants de Loches i 1709. Det siste verket hennar kom ut i 1710, Les Lutins du château de Kernosy.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikisource

Originaltekst av Henriette-Julie de Castelnau de Murat ved Wikisource (fr).