Henrik Anker Bjerregaard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Henrik Anker Bjerregaard

Henrik Anker Bjerregaard på eit måleri av Jacob Munch. Tilhøyrer Oslo Museum
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1. januar 1792
Ringsaker kommune
Død

7. april 1842 (50 år)
Christiania

Yrke lyrikar, dommar, diktarjurist, skribent
Ektefelle Henriette Hansen
Henrik Anker Bjerregaard på Commons

Henrik Anker Bjerregaard (1. januar 17927. april 1842), fødd på Ringsaker, var ein norsk forfattar og journalist, og ein sentral person innan norsk litteratur i generasjonen før Welhaven og Wergeland. Dei mest kjende verka hans er «Sønner av Norge», som til ein melodi av Christian Blom i ein periode vart nytta som Noreg sin nasjonalsong, og syngjespelet Fjeldeventyret med musikk av Waldemar Thrane.

Bjerregaard var påverka av romantikken, og norsk bygdeliv var eit viktig emne for litteraturen hans. Han freista grunnlegga ein norsk dramatisk litteratur, og la med det grunnen for forfattarar som kom etter.

I 1830 blei han høgsterettsdommar, og forfattarskapen hans tok slutt. Han har fått ei gate i Oslo oppkalla etter seg, Bjerregaards gate, og ei gate i Bergen, Bjerregårds gate.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Fjeldeventyret (1820) - syngjespel
  • Clara, eller Uskyldighedens Magt (1827) - skodespel
  • Blandede Digtninger, 2 bd. (1829-1830)
  • Magnus Barfods Sönner (1830) - skodespel
  • Krydsbetjenten (1848) - vaudeville

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]