Henrik Aslaksen Skum
Utsjånad
| Henrik Aslaksen Skum | |
| Fødd | 3. oktober 1833 |
| Død |
14. august 1858 (24 år) |
| Mor | Anne Henriksdatter Sara |
Henrik Aslaksen Skum (3. oktober 1833–14. august 1858) frå Kautokeino var ein av samane som Høgsterett i 1854 dømde til døden etter Kautokeino-opprøret i 1852. Han fekk seinare straffa omgjort til livsvarig fengsel.
Han var bror til Ellen Aslaksdatter Skum, som òg vart dømd til døden og fekk nåde. Ein 14 år gammal bror, Anders, deltok òg i opprøret. For Anders var påtalen åtte slag ris, men han vart frifunnen i underretten. I høgsterett vart han dømd til åtte dagars fengsel.
Henrik sona straffa på Akershus festnings slaveri. Her omkom han i sjøen under bading 14. august 1858.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Akershus festnings slaveri, Ministerialbok nr. F 0002 (1852-1883), Døde og gravlagde 1857-1858, side 11
- Kautokeino, Karasjok i Kistrand, Ministerialbok nr. 10 (1821-1842), Fødde og døypte 1833, side 82-83