Henrik Dagård

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Henrik Dagård
Statsborgarskap Sverige
Fødd 7. august 1969 (54 år)
Halmstad
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2000

Henrik Dagård (fødd 7. august 1969) er ein svensk tidlegare friidrettsutøvar frå Halmstad som vann sølvmedaljen i tikampen under europameisterskapen 1994 i Helsinki.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Dagård vart svensk meister 1989 i tikamp, ein prestasjon han gjentok i 1998. Toppen som utøvar nådde han i året 1994. I mars månad kom han på andreplassen i sjukampen ved innandørs-EM i Paris. Der etter fekk han same plassering ved meistermøtet i Götzis i Austerrike, før han tok sølvmedaljen i tikampen under europameisterskapen i Helsinki. Til sist i 1994-sesongen gjorde han ved Décastar-stemnet i franske Talence sitt livs beste tikampserie, han sanka der 8 403 poeng, svensk rekord til dess Nicklas Wiberg oppnådde 8 406 poeng under verdsmeisterskapen i Berlin i 2009.

Våren 1995 vann Dagård bronse i sjukamp under innandørs-VM i Barcelona. Sidan makta han ikkje å halde same høge nivået som før. Han avslutta med å verte nummer sju i Sevilla-VM 1999 og nummer ti Sydney-OL 2000.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]