Henrik Dahl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Henrik Dahl
Fødd8. januar 1844
Bergen
Død16. juni 1909
Sogndal
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre, Moderate Venstre
Yrkeprest, lærar, politikar

Henrik Mohn Dahl (8. januar 184416. juni 1909) var ein prest, lærar, forfattar og stortingsmann frå Bergen. Niels Griis Alstrup Dahl var farfar hans. Medlem av Stortingets venstreforening i den fyrste perioden på Stortinget, representere Moderate Venstre i den andre.

Dahl var son til ein prest og gjekk sjølv prestevegen. Han vart student i 1862 og cand. theol. i 1868. 1870-72 var han personalkapellan i Os, slutta då grunna svak helse og drog til Sør-Europa og sanatorieopphald. Då han kom heim til Noreg, tok han til som lærar ved Jakob Sverdrup sin folkehøgskule i Sogndal. Frå 1878 til 1896 var Dahl styrar av skulen. Han gav ut ei lesebok for folkehøgskulen, ei kyrkjehistorie og ei songbok.

Dahl var ordførar i Sogndal 1888-93. Han møtte på Stortinget frå 1. mars 1885 for Nordre Bergenhus amt i eigenskap av 1. varamann for amtet. Dahl møtte då for Knut Kirkhorn og var medlem av kyrkjekomiteen. Han bad seg fri frå stortingsval i 1885, men kom inn på Stortinget i perioden 1889-91 som 5. representant frå amtet. Den perioden var han medlem av justiskomiteen.

Dahl døydde ugift i Sogndal i 1909. Formuen testamenterte han bort til gode formål.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]