Henrik Elvestad
| Henrik Elvestad | |||
| | |||
| Fødd | 3. juli 1973 (53 år) | ||
|---|---|---|---|
| Fødenamn | Henrik Brokner Elvestad | ||
| Verka som | skodespelar, komikar, programleiar | ||
Henrik Brokner Elvestad (fødd 3. juli 1973) er ein norsk komikar, skodespelar og programleiar.
Han er mellom anna kjend som mannen bak figuren «Timothy Dahle» i Nissene på låven, Get Ready to Be Boyzvoiced, Nissene over skog og hei og Nissene i bingen.[1][2] Han var vert for TV 2-programmet Tonight med Timothy Dahle som «Timothy Dahle» i 2003.[3] Frå 2006 til 2015 var han programleiar i sport- og humorprogrammet Golden Goal saman med Johan Golden.[4] I 2014 spelte han hovudrolla i mockumentary-serien Samurai Sikkerhet på TV 2,[5][6] og i 2016 leia han programmet Amatørenes mester på same kanal.[7] I november 2021 kom humorserien Idrettsforeldre på TV 2, der Elvestad sjølv spelar sju fiktive karakterar.[8]
I 2021 gjekk Elvestad sigrande ut av den tolvte sesongen av realityprogrammet 71° nord – Norges tøffeste kjendis.[9][10]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Johansen, Martine (15. september 2020). «Derfor forsvant han». dagbladet.no (på norsk). Henta 7. desember 2021.
- ↑ Spigseth, Av Reidar. «Anmeldelse av ‘Nissene i bingen’: Skikkelig julemoro». Dagsavisen (på norsk). Henta 7. desember 2021.
- ↑ «Filmguiden CINERAMA.no - DVD: Tonight med Timothy Dahle (2003) - anmeldelse». cinerama.no. Arkivert frå originalen 7. desember 2021. Henta 7. desember 2021.
- ↑ Golden og Elvestad tok gravøl for Golden Goal: – Vi hadde drømmejobben. tv2.no (7. mai 2015)
- ↑ «Promo: Samurai Sikkerhet». tv2.no. Henta 7. desember 2021.
- ↑ «Samurai sikkerhet». www.filmfront.no. Henta 7. desember 2021.
- ↑ Tømmervold, Pål Magnus (7. september 2017). «‘Det er ikke uvanlig å få handlevogner i leggen’». Akersposten (på norsk). Henta 7. desember 2021.
- ↑ «Henrik Elvestad gjør TV 2-comeback: - Mange lever ut havarerte idrettskarrierer gjennom barna sine». TV 2 (på norsk). 19. august 2021. Henta 7. desember 2021.
- ↑ Johansen, Martine (21. mars 2021). «Dette tenker han å gjøre med premien». dagbladet.no (på norsk). Henta 7. desember 2021.
- ↑ AS, TV 2 (19. august 2021). «Vant «71 kjendis»: Har lovet en deltaker noe helt spesielt». TV 2 (på norsk). Henta 29. oktober 2025.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Henrik Elvestad ved IMDb
