Arild Sibbern

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arild Sibbern

Arild Sibbern på eit portrett av Aasta Hansteen. Måleriet tilhøyrer Eidsvoll 1814
Fødd27. juni 1785
Rygge i Østfold
Død11. april 1863 (77 år)
Statsborgar avNoreg
PartiSjølvstendepartiet
YrkeOffiser
MorSøster Huitfeldt
VervMedlem av Riksforsamlinga på Eidsvoll
Alle verv
  • medlem av Riksforsamlinga på Eidsvoll (1814–1814)
  • vararepresentant til Stortinget (1827–1829)
  • vararepresentant til Stortinget (1830–1832)
  • vararepresentant til Stortinget (1833–1835)
  • vararepresentant til Stortinget (1836–1838)
  • vararepresentant til Stortinget (1848–1850) Sjå dette på Wikidata

Henrik Frederik Arild Sibbern (27. juni 178511. april 1863) var ein norsk offiser og eidsvollsmann.

Sibbern var fødd på Værne kloster i Rygge i Østfold, og var ein yngre bror av Valentin Sibbern. Han vart oppteken ved landkadettakademiet i København i 1800, og vart offiser i 1803. Året etter vart han beordra til pasjeteneste ved kongens hoff, i 1805 var han underoffiser og underviste ved landkadettskulen. År 1807 vart han sekondløytnant ved kongens regiment stasjonert i Helsingør. 1808-10 gjekk han i København høgskulekurset for ingeniøroffiserar skulle verte. I 1811 var han på synfaring ved Spangereid med tanke på kanalbygging. Perioden 1811-14 tenestgjorde han i Trondheim.

I 1814 gjekk Sibbern inn i den norske ingeniørbrigaden og busette seg i Kristiansand. I åra etter leia han oppføringa av mange offentlege bygg i byen, og anlegginga av vegar. Han rykte opp til major i armeen i 1832, i 1834 i brigaden. 1853-56 var han oberstløytnant i brigadestaben i Kristiania.

Sibbern var utsending frå ingeniørbrigaden til riksforsamlingaEidsvoll i 1814. Han må reknast for å høyrd til sjølvstendepartiet. Ved ei rekke stortingsval for perioden 1827-48 var han på varamannsplass, men kom aldri på Stortinget.

I 1856 flytta Sibbern tilbake til Kristiansand, der han døydde i 1863.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Sibbern var innehavar av St. Olavs Orden, Nordstjerneordenen og Sverdordenen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]