Henrik Horneman (1769-1838)
Utsjånad
| Henrik Horneman | |||
| | |||
| Fødd | 10. mars 1769 | ||
|---|---|---|---|
| Død | 22. mai 1838 (69 år) | ||
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Yrke | politikar | ||
| Alle verv |
| ||
Henrik Horneman (10. mars 1769–22. mai 1838) var ein norsk gardbrukar frå Trondheim. Han var 1827-28 stortingsmann frå Søndre Trondhjems amt.
Horneman, som var bror til Christian Horneman, reiste i unge år mykje utanlands. Etterkvart tok han over som eigar av Rein kloster etter far sin, og budde på eigedomen sommarstida. Vintrane heldt han hus i Hornemansgården i Trondheim. I 1827 møtte han i Stortinget der han var medlem i komiteen for budsjett- og skattestell og for jordbruk og fedrift. Horneman møtte også omframtstortinget 1828. Han døydde ugift på Rein kloster.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914