Henrik IV av England
| Henrik IV av England | |||
| | |||
| Fødd | april 1367 | ||
|---|---|---|---|
| Fødestad | Bolingbroke Castle | ||
| Død | 20. mars 1413 | ||
| Dødsstad | Westminster | ||
| Gravstad | Canterburykatedralen | ||
| Gift med | Mary de Bohun, Johanna av Navarra | ||
| Dynasti | Huset Lancaster, Huset Plantagenet | ||
| Far | John av Gaunt | ||
| Mor | Blanche av Lancaster | ||
| Born | Henrik V av England, Jan Lancaster, Humphrey, hertug av Gloucester, Blanche av England, Filippa av England, Edward Plantagenet, Thomas av Lancaster | ||
Henrik IV av England (april 1367–20. mars 1413) var konge av England frå 1399 til 1413. Han var fødd som Henry Bolingbroke.
Tidleg liv
[endre | endre wikiteksten]Henrik var fødd på Bolingbroke Castle i Lincolnshire som son av John of Gaunt og Blanche av Lancaster. Far hans var den tredje og eldste gjenlevande sonen til Edvard III av England, og hadde ei leiande rolle under Rikard II.
Henrik og Rikard var fetrar, og i barndomen var dei leikekameratar. Dei blei riddarar av Hosebandordenen i 1377. I 1387 endra omstenda seg, då Henrik deltok i Lords Appellant-opprøret mot kongen. Etter å ha fått tilbake makta straffa ikkje Rikard II Henrik, medan ei rekkje andre adelsmenn blei avretta eller sende i eksil. Faktisk eleverte kongen han frå jarl av Derby til hertug av Hereford.
I 1392/1393 drog han på pilegrimsreise til Jerusalem.
Forholdet mellom Henrik og kongen gjekk gjennom ei ny krise i 1398, då Rikard med aksept frå John av Gaunt forviste han frå riket i ti år for å hindra ein blodfeide med Thomas Mowbray, hertug av Norfolk. Norfolk blei forvist for livet.
Familie
[endre | endre wikiteksten]I 1380 gifta han seg med Mary de Bohun. Dei fekk to døtrer og fem søner. Den fyrste sonen, Edward, døydde som spedbarn, men resten vaks opp. Den andre sonen, Harry av Monmouth, blei tronarving, og blei seinare krona som Henrik V. Den yngste dottera deira, Philippa, gifta seg i 1406 med Erik av Pommern, som var konge av Danmark, Noreg og Sverige. Mary døydde under fødselen til Philippas, fem år før ektemannen blei krona, og blei såleis aldri dronning.
I 1403 gifta Henrik seg for andre gong, med Johanna av Navarra som var dotter av Charles d'Evreux, kongen av Navarra. Ho var enkje etter Johan V av Bretagne, og hadde fire døtrer og fire søner med han. Ho fekk ikkje barn med Henrik. At Henrik hadde fire gjenlevande søner frå det fyrste ekteskapet sitt i 1399 var utan tvil ein viktig faktor til at han blei akseptert som konge. Rikard II hadde ingen born, den utpeikte arvingen hans var berre sju år gammal, og ein ønskte ein tryggare arving.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Henrik IV av England» frå Wikipedia på bokmål, den 13. mai 2026.