Henrik Ibsens gate

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Henrik Ibsens gate sett i retning av Solli plass. Ibsenmuseet ligg på venstre side, og Slottsparken og Det norske Nobelinstitutt på høgre side. Biletet er teke frå hjørnet ved Kronprinsens gate.
Henrik Ibsens gate i 1919, då denne strekninga var ein part av Drammensveien, fotografert i retning mot Solli plass.
Den tidlegare ambassaden til USA i nr. 48 var eit godt døme på stilrein moderne arkitektur før alle dei tekniske tryggingstiltaka skjemte ut bygningen, som var ferdig i 1959

Henrik Ibsens gate i Oslo vart frå 2006 namnet på den tidlegare strekninga av Drammensveien frå Karl Johans gate til Solli plass (Lapsetorvet). Namneendringa hadde verknad frå 28. april, som var den datoen i 1850 då Henrik Ibsen kom til Christiania (Oslo) for fyrste gong med dampskipet (hjulbåten) DS «Prinds Carl». Frå Solli plass og vidare forbi Skøyen har gata framleis namnet Drammensveien.

Før denne strekninga av Drammensvegen vart gjeve namnet Henrik Ibsens gate, var namnet Henrik Ibsens gate nytta om den gata på Hammersborg i Oslo, rett attmed Hovudbrannstasjonen og Regjeringskvartalet, som ved same høve fekk det noverande namnet Hammersborggata.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Henrik Ibsens gate går vestover langs sørsida av Slottparken og vart bygd då Det Kongelege Slott vart bygd på 1840-talet. I byrjinga vart vegen berre omtala som «Den nye Slottsvej», seinare Drammensveien, som i 1850-åra var namnet på strekninga heilt nede frå novarande Wessels plass attmed Stortinget. Men allereie ved oppføringa av Stortinget i 1866 vart namnet på strekninga frå Wessels plass til det som då var ei strekning av Ruseløkkbakken og Ruseløkkvegen, endra til Stortingsgata, slik at Drammensveien deretter byrja ved Karl Johans gate.

Gata har tilknyting til forfattaren Henrik Ibsens namn ved at ho passerer diktaren sin siste heim i sidegata Arbins gate, ein bygard med fasade både til denne gata og Henrik Ibsens gate. I denne bygarden ligg no Ibsenmuseet, som syner fram husværet han budde i frå 1895 til 1906. Ibsenmuseet har publikumsinngang frå Henrik Ibsens gate 26, men har som tidlegare kontorinngang og postadresse til Arbins gate 1.

Det Kongelege Slottet fekk etter namneendringa adressa Henrik Ibsens gate 1 i staden for den gamle adressa Drammenveien 1, men fekk seinare adresse til Slottsplassen. Nasjonalbibliotekets Oslo-avdeling, som eigenleg har fasaden med hovudinngangen vend ut mot Drammensveien på den andre sida Solli plass, søkte likevel om å få adresse til Henrik Ibsens gate. Biblioteket fekk løyve til dette, og har fått adressa Henrik Ibsens gate 110.

Tidlegare bruk av namnet Henriks Ibsens gate[endre | endre wikiteksten]

Namnet Henriks Ibsens gate var tidlegare brukt på den gata som no heiter Hammersborggata, og som på mange måtar var ei prektig gate før ho vart omgjort til ei viktig trafikkåre, og dessutan for ein stor del lagt under tak i samband med utbygginga av Regjeringskvartalet. Henrik Ibsen har eigenleg aldri hatt noko med denne gata å gjere. Men av di ho hadde namn etter han, nytta ymse verksemder langs gata seg av Ibsen-namnet. Dei turistane som søkte spor etter diktaren i denne gata, støtte i staden på Ibsen Kebab, parkeringshuset Ibsen Euro Park og trafikkerte vegtunnelar. Pakeringshuset har seinare endra namn.

Ikkje alle var einige i namneendringa[endre | endre wikiteksten]

Namneendringa var kontroversiell, av di Drammensvegen hadde historiske tyding som innfartsåre. Drammens ordførar var ikkje glad for forslaget, og Byantikvaren råda til at endringa ikkje vart av, medan lokalpolitikarane for Bydel Frogner protesterte imot endringsframlegget og forsøkte å utsette vedtaket. Dei vart overprøvd av Bystyret fordi området også låg i Oslo sentrum. Dermed blei det sett fart i sakene, slik at namneendringa kunne verte eit innslag i Hovudstadskomiteen for Ibsenårets markering i Oslo i veke 17.

Bystyrets vurdering[endre | endre wikiteksten]

Kultur- og utdanningskomiteen påpeikte i sine merknader til sak 60/06, at Ibsen hittil hadde fått ei ytst stemoderleg handsaming når det gjeld å få ei gate i Oslo kalla opp etter seg. Fram til no hadde det berre vore ein trafikktunnel og eit parkeringshus som var knytt til diktarens namn. Ibsens posisjon som dramatikar og den nye Sitatgata i Oslo tilsa at det burde vere ei av byens paradegater som skulle bere namnet.

  • Byrådets argument for namneendringa:
  • Ibsen budde i Arbins gate 1, ein hjørnegard til noverande Drammensvegen, i perioden 1895 til sin død i 1906. Bustaden husar i dag hovudstadens Ibsenmuseum.
  • Ibsen sjølv vart eit markant innslag i bybiletet gjennom sine daglege vandringar frå heimen i Arbins gate, ned Drammensvegen, og langs Karl Johans gate til Grand Cafe.
  • Gata ligg sentralt i bybiletet, samstundes som den har ein tilknyting til personen Henrik Ibsen.

Eit mindretal i bystyret (i hovudsak representantar frå AP, SV og RV) ynskte, på bakgrunn av at Byantikvaren hadde råda frå dette, primært at Drammensvegen ikkje skulle endre namn, men stemde jamvel sekundært for namneendringa, slik at avgjera den 1. mars 2006 vart samrøystes vedteke.

Bystyret godkjende då også Bydel St. Hanshaugens vedtak frå hausten 2005 om å endre namnsettinga av dåverande Henrik Ibsens gate til Hammersborggata skulle verte ståande.

Bygningar i Henrik Ibsens gate[endre | endre wikiteksten]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]