Henrik Larsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Henrik Larsen
Fødd 17. mai 1966
Lyngby-Taarbæk kommune

Henrik Larsen (fødd 17. mai 1966) er ein dansk tidlegare fotballspelar frå Lyngby som i 1992 vart europameister med Danmark.

Midtbanespelaren Larsen spelte på Lyngby BK i tre periodar; 1985-90, 1991/92 og 1995-96. Han var elles aktiv i AC Pisa 1990-92, Waldhof Mannheim 1993/94 og FC København 1996-99. Med Lyngby vann han den danske cupmeisterskap både i 1985 og 1990. Våren 1992 vart han dansk seriemeister, ein serie med berre 14 kampar då Danmark i 1991-92 la om seriesystemet til haust-vår-sesong. I 1997 vart han dansk cupmeister for tredje gong då FC København slo Ikast 2-0.

Perioden 1989–96 spelte Larsen 39 landskampar og skåra fem mål, ikkje mindre enn tre av dei under EM i fotball 1992 i Sverige. I semifinalekampen mot Nederland skåra han begge Danmarks mål i ein kamp som enda 2–2, der Larsen så skåra på Danmarks fyrste straffe i straffeskytinga. Dei siste landskampane fekk han under Fotball-EM 1996 i England.

Larsen var 2002-05 landslagstrenar for Færøyane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]