Henrik Lassen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Henrik Lassen
Fødd 4. mars 1818
Død

6. januar 1890

Yrke politikar

Henrik Andreas Zetlitz Lassen (4. mars 18186. januar 1890) var ein norsk lege frå Stavanger som representerte Stavanger og seinare også HaugesundStortinget i tre valperiodar i tida frå 1862 til 1876.

Lassen var son til ein meklar. Etter preliminæreksamen 1835 tok han norsk medisinsk eksamen i 1839. Han var privatlege 1840-47 i Svelvik og distriktslege 1847-56 i Vestre Råbyggjelag, med bustad i Bygland. Frå 1856 til 1876 var han privatlege i heimbyen Stavanger, der han i tillegg var lege ved sjukehuset i byen frå 1862 og styrar av sinnssjukeasylet frå 1871. I 1876 flytta han til Lillehammer og var distriktslege i Fåberg i elleve år.

Lassen var medlem av Stavanger bystyre frå 1858 til han flytta frå byen i 1876, ordførar 1860-68. Han var stortingsmann frå Stavanger i 1862-63, medlem av Justiskomite nr 2, og på Omframtstortinget 1864. Også i 1865-66 representerte han heimbyen på Tinget, då medlem i Militærkomiteen. Han sa nei til attval i 1867, men vart kåra til fyrste varamann då valmenn frå valkrinsen Stavanger og Haugesund møttest til valting hausten 1873. Då den valde representanten, Thomas S. Falck vart permittert etter 1874-sesjonen, møtte Lassen på Stortinget i 1875 og 1876, medlem i Vegkomiteen.

Han døydde på Lillehammer.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]