Henrik Lund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Henrik Lund
Fødd 8. september 1879
Bergen
Død

23. desember 1935
Oslo

Sjanger portrett
Yrke kunstmålar

Henrik Louis Lund (8. september 187923. desember 1935) var ein norsk målar fødd i Bergen, kjend for sine portrettmåleri i impresjonistisk stil.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Portrett av Nils Ihlen
Portrett av Knut Hamsun (1934)

Etter ei tid som sjømann var Lund i 1899 elev hos Harriet Backer og debuterte same året. I 1903 studerte han vidare hos Johan Nordhagen. Åra 1904 til -09 var Lund busett i København, der han fekk sitt gjennombrot som målar. Han fekk i stand fleire utstillingar, mellom anna ei Berlin i 1908. Med statsstipend budde han i Paris i 1905 og på ny 1920-21. Ved fleire høve oppheldt han seg i USA, der systera Signe Lund var busett. I 1915 stilte han ut eigne verk i USA, og måla portrett av Theodore Roosevelt, Thomas Edison og Charles W. Eliot. Han turnerte i fleire land i Europa, saman med Olaf Bull, og portretterte Eleonora Duse, H.G. Wells og Benito Mussolini. Lund var ven med Knut Hamsun og laga fleire portrett av Hamsun.

Frå 1907 teikna Lund for Hans Jæger sitt anarkistiske tidsskrift, Korsaren. Lund hadde valspråket «Ingen dag uten en hyggelig aften».

Dampskipet «D/S Henrik Lund» (1916), eigd av Bergens-reiarlaget Willy Gilbert og søkkt av tyske ubåtar utanfor Kapp Hatteras i USA i 1918, var oppkalla etter målaren.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Henrik Lund