Henrik Lundh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Henrik Lundh
Henrik Julius Lundh.jpg
Fødd 16. april 1894
Død

12. februar 1985

Yrke jurist

Henrik Julius Lundh (16. april 189412. februar 1985) var ein norsk jurist og embetsmann.

Lundh tok juridisk embetseksamen i 1916. I 1929 vart han dr. juris. på avhandlinga Navneplikt og navnerett. Frå 1919 arbeidde han i Justisdepartementet, sidan 1930 som byråsjef. I 1936 fekk han jobben som lønsdirektør i Finansdepartementet. Under andre verdskrigen tok han seg til England og var der 1942-45 ekspedisjonssjef i Justisdepartementet til London-regjeringa. Der etter var han Statens personaldirektør, ei stilling han hadde til han frå 1. april 1948 og seks år framover var han riksmeklingsmann. Sidan var han byfut og notarius publicus i Oslo.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]