Henrik Olsen
Hopp til navigering
Hopp til søk
Henrik Olsen | |
![]() | |
Fødd | 19. oktober 1970 |
---|---|
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Norske Samers Riksforbund |
Yrke | politikar |
Henrik Olsen (fødd 19. oktober 1970) er ein norsk samisk politikar og kulturarbeidar frå Olderdalen i Kåfjord som sit i sametingsrådet for Norske Samers Riksforbund.[1]
Han vart fyrste gong vald inn på Sametinget frå Gáisi valkrins i 2013, og sat i sametingsrådet frå 2013 til 2016, då Arbeidarpartiet tok over leiinga. Sidan 2009 har han vore dagleg leiar ved Senter for nordlege folk, men har hatt permisjon medan han har sete i sametingsrådet.[2][3]
I 1991 var han med på å stifte Riddu Riđđu og har jobba som produsent der i mange år.[4] Frå 1999 til 2007 var han kommunestyrerepresentant for Sosialistisk Venstreparti i Kåfjord.[3][5]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ siri@framtidinord.no (9. oktober 2017), «Henrik Olsen fra Gáisi er med i sametingsrådet», framtidinord.no (på norsk bokmål), henta 9. juli 2019
- ↑ Senter for nordlege folk. Årsmelding 2017
- ↑ 3,0 3,1 Arkivert biografi om Henrik Olsen på sametinget.no. Lese 9.7.2019.
- ↑ NSR (1. juli 2013), Riddu-Henrik topper lista i Gáisi – NSR (på norsk bokmål), henta 9. juli 2019
- ↑ Norvang, Kato (14. august 2017), «Henrik Olsen – listetopp for NSR i Gáisi valgkrets», NRK, henta 9. juli 2019
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Henrik Olsen på sametinget.no. Lese 9.7.2019.