Hopp til innhald

Henrik Rytter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Henrik Rytter
StatsborgarskapNoreg
Fødd18. januar 1877
Roan kommune
Død

18. september 1950 (73 år)

Yrkelingvist, omsetjar, lyrikar
BornOlav Rytter

Henrik Grytnes Rytter (18. januar 187718. september 1950) var ein norsk lyrikar, dramatikar og omsetjar. Han er særleg kjend for storarbeidet å setja om 23 av verka åt William Shakespeare til nynorsk, og for gjendiktinga av Peer Gynt i 1949.

Rytter var av bondeslekt, og son av ein lærer. Han var fødd i Roan og oppvaksen i Haram. Han tok middelskoleeksamen i Volda, var huslærar i Dovre og tok eksamen på Volda lærarskule i 1899. Han var lærar fleire stader, frå 1908 ved Møre Folkehøgskule. Han dreiv ein folkehøgskule på Gimnes frå 1913, men måtte gje seg etter tre år. Etter det gav han opp læraryrket og flytta til Oslo-området, der han busette seg på Hvaler[1] og seinare på Geilo. Han «starta som 40-åring på ein ny karriereveg. No ville han vere litterat på heiltid.»[2] Her var han konsulent ved Det Norske Teatret, litteraturkritikar i Den 17de Mai og redaktør av Norsk Ungdom eit kort bel og av Ung-Norig 1924-26. Han sat fengsla på Bredtveit under krigen.

Rytter debuterte i 1907 med stykket Dømde, og følgde opp med Bråhamaren (1917), Herman Ravn (1924), Våren (1926), Elva (1937) og Prestegarden og øya (1941). Alle skodespela vart oppførte på Det Norske Teatret. Diktsamlingane hans var Båra (1919), Øya (1920), trilogien Jordsonen (1925) – Skålane (1926) – Vokune (1927), Eros (1928) og Likevel -! (1950).

Attåt Shakespeare og Ibsen (både Peer Gynt og Kongsemnerne) omsette han mellom anna Den guddommelege komedie til nynorsk og Dekameronen til bokmål (i fire illustrerte band) Rytter skreiv òg høyrespela Dei bortkomne (produsert 1940) og Trollelgen (etter Mikkjel Fønhus, produsert 1940).

Han var far til Olav Rytter.

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. Olav A. Loen. Bygda gav diktarsyn. Rune forlag, 1970 (ebok)
  2. biografi hos Allkunne.no

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]