Henrik Spangelo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Henrik Spangelo
Fødd20. september 1858
Død1926
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar

Henrik Roardsson Spangelo (20. september 185814. august 1926) var ein embetsmann og politikar frå Årdal i Sogn, busett i Aust-Agder. Han representerte Samlingspartiet og Frisinna VenstreStortinget frå 1909 til -15 og 1919 til -24.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Spangelo var son til lensmannen i Årdal, og gjekk Sogndal folkehøgskule 1876-78. Etter å ha vorte student i 1881 utdanna han seg til cand.jur. i 1885. Åra 1886-87 var han advokatfullmektig i Stavanger, arbeidde deretter som overrettssakførar i Grimstad frå 1888 til 1912. I 1912 vart han utnemnd til sorenskrivar i Nedenes, busett i Arendal. Jamsides jusen dreiv med fossespekulasjon, var mellom anna tungt inne i saka om Tyin-falla i Øvre Årdal.

Spangelo møtte på Stortinget frå 26. mai til 31. august 1909 som varamann for Terje A. Mørland. Frå 15. april 1910 og resten av tingbolken 1910-12 hadde han fast plass på Tinget, som tidlegare varamann for avdøde Ludvig Zwilgmeyer. Han var i 1909 medlem i næringskomite nr 2, og i 1910-12 kyrkjekomiteen. Perioden 1913-15 hadde han fast tingsete frå Arendal og Grimstad, medlem i protokollkomiteen og sekretær i reguleringskomiteen av 1913.

Etter å ha vore ute av Stortinget i ein valperiode, representerte han Frisinna Venstre i to samanhengande periodar frå 1919 til -24, då han var odelstingspresident. I den siste perioden var han vald frå dei åtte bykrinsane i Telemark og Aust-Agder.

Spangelo levde ugift og vart gravlagd på Årdalstangen.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Notar