Hopp til innhald

Henrik Svendsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Henrik Svendsen
Fødd19. oktober 1819
Død4. august 1889 (69 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar
Alle verv

Henrik Svendsen (19. oktober 18194. august 1889) var ein norsk kjøpmann og stortingsmann frå Stavanger.

Svendsen var son av skreddarmeister Michael Svendsen (1783-1857) og Kirsten Sophie Becker (1798-1868). Han var broren til Christian Becker Svendsen (1832-1902), 16. ordførar i Stavanger. I fødebyen slo han seg opp som kjøpmann. Han var medlem av bystyret i Stavanger frå 1855 til -84.

Svendsen representerte Stavanger og HaugesundStortinget 1877-82. I den fyrste valperioden var han medlem av skattekomiteen og tollkomiteen, i den andre av Lagtinget og tollkomiteen. På Stortinget sat han i skattekomiteen og traktatkomiteen.

Han døydde i heimbyen i 1889. Han vart gravlagt på Lagård gravlund i Stavanger.

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914