Henrik Svensen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Henrik Svensen
Fødd 17. juli 1904
Askøy
Død

16. august 2007 (103 år)

Yrke politikar, dommar
Henrik Svensen på Commons

Sven Søren Henrik Svensen (17. juli 190416. august 2007) var ein norsk jurist, stortingsrepresentant og embetsmann frå Askøy.

Far til Svensen var maskinmeister. Sjølv vart han cand.jur. i 1926 og byrja arbeide som sakførarfullmektig same året. I 1928 vart han dommarfullmektig i Hardanger, og i 1931 fylkesfullmektig i Bergen og Hordaland. Han var sekretær 1933-37 i Justisdepartementet og 1938-42 hos finansrådmannen i Bergen.

I 1945 fekk Svensen jobb som lagdommar ved Gulating lagmannsrett, ei stilling han hadde til han i 1961 vart utnemnd til fylkesmann i Aust-Agder. Han styrte fylkesmannembetet i 13 år.

Svensen var 1945-51 formann i Kontrollnemndas avdeling for husleigesaker i Bergen, og frå 1945 medlem i Oppgjørsnemnda i Bergen. Tida 1952-61 var han bystyrerepresentant i Bergen, vald for partiet Høgre.

Svensen representerte Bergen og Høgre på Stortinget i periodane 1954-57 og 1958-61. I den fyrste fireårsperioden var han sekretær i Justiskomiteen, i den andre formann i Militærkomitéen. Som leiar i militærkomiteen «argumenterte [han] energisk for en styrkelse av landets forsvar i en tid da den kalde krigen gjorde forsvarspolitikken»[1] til eit framskote politisk tema. Noko som kan forklare at han var president 1962-66 i Norges Forsvarsforening. Perioden 1969-73 var han formann i Postrådet.

Notar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]