Henrik V av England

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Henrik V av England
King Henry V from NPG.jpg
Fødd16. september 1386
FødestadMonmouth Castle
Død31. august 1422
DødsstadSlottet i Vincennes
GravstadWestminster Abbey
Gift medKatherine av Valois
DynastiHuset Lancaster
FarHenrik IV av England
MorMary de Bohun
BornHenrik VI av England

Henrik V (fødd 9. august eller 16. september 1387, d. 31. august 1422) var konge av England frå 21. mars 1413 til han døydde.[1] Han var son av Henrik IV og Mary de Bohun, og var fødd i Monmouth i Wales; han var derfor kjend som Harry of Monmouth eller Henry of Monmouth før han blei krona.

Då Henrik blei fødd, under Rikard II si regjeringstid, var det ei anna linje av den kongelege slekta som hadde sterkare krav på trona. Då han døydde hadde han festa grepet om trona for si slektsgrein, og hadde oppnådd det fleire generasjonar hadde mislykkast med, ved å sameina den franske og den engelske trona i ein personalunion.

Tidlege bedrifter[endre | endre wikiteksten]

Då far til Harry, Henry Bolingbroke, blei send i eksil i 1398 tok Rikard II seg av den tolv år gamle guten. Året etter styrta Bolingbroke Rikard, og Harry blei prins av Wales. 10. november 1399 blei tittelen hertug av Lancaster gjenoppretta for han. Han var då den tredje som hadde hatt tittelen det året.

Frå oktober 1400 blei Wales styrt i hans namn, og mindre enn tre år seinare, i 1403, hadde han kommando over engelske styrkar og kjempa mot Harry Hotspur i slaget ved Shrewsbury. Under slaget var han nær ved å falla då han fekk ei pil i ansiktet. Ein vanleg soldat ville truleg ha blitt liggande og døy etter ein slik skade, men tronarvingen fekk det beste stellet ein kunne gje han. Den kongelege livlegen fekk i løpet av dei neste dagane laga ein spesiell reiskap for å kunna trekka ut pilspissen utan å gjera meir skade. Operasjonen var vellukka, og dei varige arra blei ståande som bevis på krigserfaringane hans.

Maktposisjon og konflikt med Henrik IV[endre | endre wikiteksten]

Det walisiske opprøret til Owain Glyndŵr tok opp det meste av energien til prinsen fram til 1408. Deretter byrja han, på grunn av den sviktande helsa til kongen, å ha ei viktigare rolle i styringa av landet. Frå januar 1410 hadde han, saman med onklane sine Henry og Thomas Beaufort, praktisk talt full kontroll over regjeringa.

Han var usamd med kongen både når det gjaldt innan- og utanrikspolitikk. I november 1411 sende kongen derfor prinsen ut av det kongelege rådet. Konflikten mellom far og son var av politisk natur, men det er mogleg at det i bakgrunnen føregjekk eit anna spel. Det er sannsynleg at beaufortbrørne diskuterte moglegheitene for at Henrik IV kunne abdisera, medan motstandarane deira openlyst freista å bringa prinsen i vanry. Tradisjonen som fortel om det urolege ungdomsåret til prinsen, som seinare blei styrka av William Shakespeare si framstilling i skodespelet Kong Henrik V, har kanskje mykje av opphavet sitt i denne politiske konflikten.

Tiltreding[endre | endre wikiteksten]

Miniatyr av Henrik V som gjev eller tek imot ei bok.

Harry etterfølgde far sin som konge den 20. mars 1413. Han hadde då oppnådd brei erfaring, og hadde ingen farlege rivalar. Dei tre hovudproblema han stod overfor var:

  • Behovet for å gjenoppretta fred i riket
  • Gjenforeining i kyrkja etter lollardist-skismaet
  • Gjenoppretting av engelsk prestisje på kontinentet.

Innanrikspolitikk[endre | endre wikiteksten]

Henrik valde å takla alle tre problema under eitt, og brukte dei til å bygga opp ein breiare politikk. Frå byrjinga gjorde han det klart at han ville styra England som overhovud for ein sameina nasjon, og at han ville legga tidlegare problem bak seg. Same året som han blei krona flytta han lekamen til Rikard II til Westminster Abbey i ein storslagen seremoni. Den unge Edmund Mortimer, 5. jarl av March, blei tatt i nåde, og arvingar etter dei som hadde mista titlar og eigedommar under Henrik IV fekk gradvis tilbake det som var tatt frå dei.

I høve til lollardistane var det særleg John Oldcastle han forhandla med. Han kom ingen veg, og lollardismen var lenge den største indre trusselen i riket. Men i januar 1414 knuste han praktisk talt heile rørsla, med god støtte frå Thomas Arundel, erkebiskopen av Canterbury. Med unntak av eit mislukka komplott i juli 1415 til fordel for Edmund Mortimer, som involverte Henry Scrope og Richard, jarl av Cambridge, var det ingen seriøse utfordringar mot styret hans.

Utanrikspolitikk[endre | endre wikiteksten]

Miniatyr av slaget ved Agincourt
Bilde av giftarmålet mellom Henrik og Catherine.

Så snart Henrik hadde kontroll i England kunne han via seg til utanrikspolitikk.[2]

Unnskyldninga for å starta krigen igjen var kommersielle disputtar og støtta franskmennene hadde gitt til Owain Glyndŵr. Frankrike sleit med store organisatoriske problem, og hadde vanskeleg for å sikra freden. Kong Karl VI av Frankrike sleit med mentale problem, og den eldste sonen hans viste ikkje teikn til å vera ein lovande tronfølgjar.

I 1414 gjorde Henrik V igjen krav på den franske krona for den engelske kongsmakta. Han invaderte Frankrike i august 1415, og i 25. oktober sigra hæren hans i slaget ved Agincourt. Henrik og dei franske fyrstane stifta fred i mai 1420. I avtalen blei Henrik utropt til fransk tronarving etter Karl VI av Frankrike. Han fekk også gifta seg med kongsdottera, Katarina av Valois. Dei fekk ein son saman, den framtidige Henry VI av England.

Krigen var likevel ikkje over, ettersom den tilsidesette kongssonen Karl nekta å gå med på avtalen. Etter å ha reist tilbake til England, vende Henrik tilbake til Frankrike i 1421, der han var med på omleiringa av Meaux. Han døydde av ein sjukdom den 31. august 1421 i Château de Vincennes utanfor Paris.[1] Den ni månader gamle sonen etterfølgde han som konge. Den franske kongen Karl VI overlevde han med to månader.

John Sutton, 1. baron Dudley førte liket av kongen tilbake til England.[3] Henrik V blei gravlagd i Westminster Abbey den 7. november 1422.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Lunga, Peter Sigurdson (31. desember 2021). «Henrik 5. – av England». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  2. Tuchman, Barbara W. (1987). Et fjernt speil : det stormfulle 1300-tallet. ARS. s. 592-595. ISBN 8257405728. 
  3. Wilson, Derek (2005), The Uncrowned Kings of England: The Black History of the Dudleys and the Tudor Throne, Carroll & Graf, ISBN 0-7867-1469-7 .
  4. Alison, Weir (2008). Britain's Royal Family. s. 130. ISBN 9780099539735. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Henrik V av England