Henry Aas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Henry Aas
Fødd 20. mai 1901
Stord
Død

18. juni 1977

Yrke politikar, redaktør

Henry Aas (19011977) var ein NKP-politikar frå Stord. Han var kjend som ein av dei mest framståande kommunistiske ideologane i lokalsamfunnet. Han jobba ved Stord Verft.

I 1931 var Aas elev ved Lenin-skulen i Moskva, ein skule som berre har hatt rundt 40 norske elevar. I 1937 vart han vald inn i kommunestyret på ei felleslista med Arbeidarpartiet, og sat truleg i kommunestyret i fleire periodar. Han var sentral i utgjevinga av partiavisa Sunnhordland Arbeiderblad, saman med m.a. Torborg Nedreaas.

Aas var aktiv i fagforeiningsarbeid, i opposisjon til Arbeidarpartiet. Han gjorde ein stor innsats for å få arbeidarar på Stord til å organisera seg i fagforeiningar. Til saman var han med og stifta ni lokale fagforeiningar, m.a. Stord Bygningsarbeiderlag i 1939. Han sat som leiar i Stord Jern- og Metallarbeiderforening i 1955.

Under krigen sat Aas i konsentrasjonsleiren Sachsenhausen frå 1942 til 1945 grunna dei politiske sympatiane sine. I følgje soga vart han pågripen etter ei filmframsyning, der han skal ha kalla ein tysk propagandafilm for «løgn og forbanna dikt».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]